Bryllaup, dåp, konfirmasjon, minnestund, møte eller konsert

frå 10-100 gjester - fullt utstyrt lokale

Ei unik ramme for ditt arrangement!

Foto: Gøril Sætre
Velkomen til huset! Beste helsing Ingvill og Kjetil
Foto: Gøril Sætre

OM BDHUSET 

Breim bedehus vart bygd på dugnad i 1933, og det store laftahuset med torvtak var viktig for bygdefolket. Midt på femtitalet vart bygget demontert og seinare sett opp att som andreetasje på ein ny grunnetasje i mur og betong. Bedehuset fekk då kjøken, toalett og matsal, ytre kledning og skifer på taket. 


Ingvill Holter og Kjetil Almenning har totalrenovert og modernisert bygget.


Den flotte storsalen i andre etasje er svært godt eigna til konsertar og forsamlingar av mange slag. I småsalen er det montert stort, nytt kjøken. Underetasjen er bygd om til ein moderne ferieleilighet med fire soverom og 10 sengeplassar. 


bdhuset er eit unikt forsamlingslokale for alle slags arrangement!


Skal du arrangere selskap eller kulturarrangement? Ta kontakt!